Bli med på den kulaste lesekampanjen i sommar!

Frå 1. juni til 31. august kan alle som går i 1.-7. trinn delta på Sommarles.no. Sommarles er også for dei som skal starte i 1.klasse og for dei som skal starte i 8.klasse hausten 2025.

Sommarles er for alle!

Sommarles gjer lesing endå kjekkare, og det er heilt gratis å vere med. På Sommarles.no kan ein registrere både bøker som barna har lese sjølve og bøker dei har lese saman med nokon eller lytta til (høgtlesing og lydbøker).For kvar bok som blir registrert, får deltakarane XP (poeng) og går etter kvart opp i level. Barna kan både få kule digitale trofé på nettsida og hente fysiske premiar på biblioteket.

Har barnet ditt ei leseutfordring? Sjekk ut Tibi – Biblioteket for tilrettelagt litteratur.

Sommarlesforteljing

På Sommarles kan de også få lesetips og løyse oppgåver knytte til Sommarlesforteljinga for året, skriven av forfattar Mari Moen Holsve.

Hjelp barnet ditt å registrere seg

For å bli med på Sommarles.no går de inn på nettsida som opnar 1. juni, og lagar ein profil til barnet. Om de treng hjelp, er det berre å spørje på biblioteket dykkar. Så er det berre å lese i veg!

Vi håper at de vil hjelpe barna slik at dei kan delta på lesekampanjen og få gode leseopplevingar heile sommaren! Ta gjerne turen innom biblioteket dykkar for å få vite meir.

Premiering

Barna får premie når dei kjem til level 10, 20 og 30. Premiane kan ein henta på biblioteket i betjent tid. Premie for level 10 kan hentast frå . 2, level 20. og 30 frå 16.juni. Kjem ein opp i level 40, 50, 60 osb. (kvart tiande level) kan ein frå 4.august hente seg lodd og vere med i loddtrekning på fine premiar.

Kodeorda blir hent opp i biblioteket.

Biblioteket i sommar

Meirope bibliotek er ope heile sommaren, kvar dag mellom 7-22. Personalet har ferie frå 30.juni til 3.august. Premiar kan ikkje hentast i dette tidsrommet.