Biblioteket stengt hausten 2026
Grunna oppussing og ombygging vil biblioteket vere stengt store delar av hausten 2026. Arbeidet er no lagt ut på anbod, og vi veit enno ikkje nøyaktig når biblioteket må tømmast. Så snart tidspunktet er klart, vil vi informere om dette. Førebels reknar vi med at nedpakking av bøker startar i veke 38.
Avgrensa moglegheit for lån
Når bøkene vert pakka ned, vil det vere avgrensa moglegheit for å finne fram i samlinga. Difor vil det også vere avgrensa moglegheit for å bestille og låne bøker. Ta gjerne kontakt med biblioteket dersom du treng lesestoff, så hjelper vi deg med tilrådingar.
Lang lånetid
Bøker som vert lånte frå no av, får lånetid fram til 4. januar 2027. Ønskjer du å levere tidlegare, kan du nytte innleveringskassa i gangen.
Bøker med venteliste
Bøker med venteliste er unnatekne den utvida lånetida. Desse må hentast i hentehylla som vert sett opp i foajeen på kulturhuset. Bøkene vert registrerte på namnet ditt, slik at du kan hente dei direkte frå hylla.
Vi beklagar ulempene dette medfører, og ser fram til å ønskje alle velkomne tilbake til eit oppgradert og meir attraktivt bibliotek.
