Frå og med 3.august er biblioteket ope som vanleg. Velkommen alle faste og nye lånarar!
Sommarlespremiar
Har du barn som har lese bøker i sommar og registrert dei på sommarles.no? No kan ein hente premiar for level 10, 20 og 30. Har barnet ditt lese endå meir? Då kan ein få leselodd (med trekking av premiar) på level 40, 50… etc.
Skulestartar?
Biblioteket har mange bøker om det å starte på skulen – eller det å gå på skulen. Kanskje å lese ei slik bok kan vere fin førebuing til skulestart?

Litteraturtips?
Treng du tips til lesestoff? Me har mykje kjekke bøker utstilt i biblioteket, og bibliotekaren hjelper deg gjerne med å finne bøker som passar deg. Har du ei god bok du har lese, kan du finne tips på sida nestebok.no. Her skriv du inn namnet på boka du likte, så har bibliotekarar over heile landet lagt inn lesetips.
Ein stad å lese og leike?
Biblioteket har bøker for alle aldrar, spel og leiker som ein kan nytte seg av når ein besøker biblioteket.

