Det betyr at du må laste ned ein ny app, men alt du har i BookBites i dag, blir med vidare til Biblio.
Begge appane vil fungere i ein overgangsperiode, men det kan vere lurt å gå over til å bruke Biblio så snart som mogleg.
Kva må du gjere?
- Last ned Biblio. Du finn Biblio i App Store og Google Play. Du kan òg bruke Biblio i nettlesaren din.
- Logg inn
Har du brukt BookBites tidlegare, loggar du inn med same brukarnamn og passord i Biblio. Du skal ikkje opprette ein ny brukar i Biblio. Vel difor «Logg inn».
Alt du har lånt blir med vidare
Ingen grunn til bekymring! Alt du hadde i BookBites, finn du att i Biblio:
- Lån
- Reservasjonar
- Hugseliste
- Leste bøker
Har du ingen brukar frå før?
Då kan du laste ned Biblio og opprette ein ny brukar.
For å bruke Biblio treng du eit bibliotekkort. Dersom du ikkje har det frå før, kan du registrere deg her eller kontakte oss i biblioteket.
Dersom du bestiller eit digitalt bibliotekkort må du aktivere det hos oss før du kan begynne å låne bøker i Biblio.
Er du elev eller tilsett i grunnskule eller vidaregåande skule? Då kan du logge inn med Feide. Bruk det vanlege brukarnamnet og passordet ditt. Du treng ikkje bibliotekkort dersom du brukar Feide til å logge inn.
Treng du hjelp?
Kontakt oss i biblioteket, eller gå til Biblio sine hjelpesider.
