Sommarlesfest med Captein Frodo
Biblioteket inviterer alle som har vore med på sommarles i sommar til Sommarlesavslutning 1.september kl.18.30 i kultursalen. I år får me besøk av Captain Frodo, og kanskje det dryssar nokre ekstra premiar på nokre av sommarlesarane våre?
Captain Frodos Magiske Sirkus er ei morosam og magisk framsyning for born og familiar! Her blir det trylling, sirkuskunstar og mykje latter – med spanande publikumsdeltaking undervegs. Captain Frodo viser korleis fantasi og kreativitet kan gjera det umoglege mogleg, og oppmuntrar borna til å tru på eigne draumar og idear.
Verdsartisten Captain Frodo, eller Frode Sandve som han heiter til vanleg, jobbar delar av året i Las Vegas med Cirque Du Soleil og er kjend fra Dyreparkens Sirkus Jesper.
