Biblioteket er stengt for ombygging. Me håpar å opne att i desember.
Bestille bøker i appen
Du kan fortsatt bestille bøker i Bibliofil-appen, men du må rekne noko lenger ventetid, då bøkene kjem frå Tysnes og Stord. Bøkene til Fitjar er stort sett pakka ned, men noko får me tak i.
Lånetid
På bøker utan venteliste får du lånetid til 4.januar. Unntaket er bøker som er kø på. Kjem bøkene du låner frå Tysnes eller Stord? Då er det fint om du leverer bøkene så snart dei er lesne.

Hente bestilte bøker
Du kan hente bestilte bøker i hentehylla som står i kulturhuset. Bøkene er lånt ut på namnet ditt, det er berre å finne rett bok. Du har fått ein hentemelding – på den finn du ein kode. Samme kode står på bøkene du skal ha.
Levere bøker
Du kan levere bøker i innleveringsboksen i inngangspartiet til kulturhuset.

E-bøker
Det er mange ebøker å låne i biblioteket sin gratisapp Biblio.

Vil du ha kontakt med biblioteket?
Epost: biblioteket@fitjar.kommune.no. TLF: 53458513 eller du kan banke på kontoret til Frivilligsentralen. Når eg ikkje er på skulen/møte/jobbar med prosjekt oppussing eller gjer andre ting, er eg der.
