Bokbad med Tor Arve Røssland
Tor Arve Røssland skriv bøker for barn og ungdom. I år er han aktuell med boka «Alt er lov». Alt er lov er ei spennande historie med utgangspunkt i verkelege hendingar frå 2.verdskrig. Handlinga foregår i Bergen og på Os og spinn rundt dei oppdikta personane Astrid og Arne som lev tett på den tyske okkupasjonsmakta.
Elevane i 9.klasse ved Rimbareid skule har lese boka, og laga spørsmål til forfattaren. Under bokbadet vil tre elevar intervjue forfattaren.
Arrangementet er gratis og ope for alle
