Etter ein lang periode med oppussing og fornying gler me oss til endeleg å kunne ønskje velkomen tilbake til biblioteket. Me arbeider no med dei siste førebuingane for å bli ferdige til opningsdagen 9. desember, og vil samstundes takke alle våre besøkande for tolmodet medan arbeidet har gått føre seg.
Kva er nytt?
Biblioteket har fått eit skikkeleg løft med oppgraderte lokale, betre tilrettelegging og nye, trivelege område for lesing, læring og opphald.
Det er gjort omfattande endringar i både fargar og innreiing, og det er etablert nye soner for lesing og aktivitetar. Nye tekstilar og oppgradert belysing er på plass for å gjere biblioteket endå meir innbydande og heimkoseleg.
Med ny og oppussa innreiing, samt ei betre utnytting av hyller og areal, skal det bli enklare å orientere seg og finne fram i samlinga. Ny skilting og andre tiltak skal bidra til at biblioteket blir meir universelt utforma og tilgjengeleg for alle.
Målet har vore, og er å skape ein endå betre møteplass for innbyggjarane våre, og me gler oss til å ta imot både gamle og nye bibliotekbrukarar.

Offisiell opning 9. desember
Biblioteket opnar att onsdag 9. desember. Me inviterer til offisiell opningsmarkering kl. 13.00.
På programmet står snorklypping, musikalske innslag, diktlesing og talar. Det blir servering av kake og kaffi så langt det rekk.
Første opningsdag held biblioteket ope frå kl. 13.00 til 18.00.
Laurdagsope bibliotek med juleforteljing
Laurdag 12. desember inviterer me til laurdagsope bibliotek frå kl. 11.00 til 14.00.
Juleforteljinga for barna startar kl. 11.00 og varer til kl. 11.30. Etterpå blir det servert pepperkaker og gløgg eller saft.
Opningstider i desember
Veke 50
- Onsdag 9. desember: kl. 13.00-18.00
- Torsdag 10. desember: kl. 13.00-18.00
- Laurdag 12. desember: kl. 11.00-14.00
Veke 51
Ordinære opningstider:
- Måndag og onsdag: kl. 10.00-14.00
- Tysdag: kl. 13.00-18.00
- Torsdag: kl. 13.00-16.00
Biblioteket held ope til og med 23. desember før me tek juleferie til 4.januar.
Meirope bibliotek
Frå og med 9. desember vil meirope bibliotek vere tilgjengeleg kvar dag frå kl. 07.00 til 22.00.
Me ser fram til å ønskje dykk velkomne inn i eit fornya bibliotek, og håpar mange vil ta turen innom for å oppleve dei nye lokala.
