Dyrk med Elin

Dato

Tid

Stad

Fitjar seniorsenter

Har du lyst til å koma i gong med å dyrke din eigen mat i hagen? På dette kurset lærer du korleis du kan utnytte hagen din til spiskammers, dyrke økologisk og betre eigen beredskap.

Kunnskap om å dyrke eigen mat er ikkje allemannseige lenger. Det skal heldigvis ikkje så mykje til for at du kan byrje å dyrke noko av din eigen mat. Har du ein liten eller stor hage? Har du ein verandra? – du kan dyrke der og. Lær om koleis du skal behandle jorda for å ta vare på næringa i den, samt å lage plan for dyrkinga di.

Foredragshaldar er Elin Mariboe.

Har du frø eller stiklingar til overs? Kom og bytt, og sjekk ut frøbiblioteket vårt!

Arrangør: Fitjar hageglede og Fitjar folkebibiotek. Arrangementet er støtta av Fitjar kraftlag og Sparebanken Vest.

dame kledd i kjeledress står i eit drivhus. Foten står på ein spade. Ho held ei plante.

Foto: privat