Rekkje med naust

Eva Røyrane presenterer «Naustlandet»

Dato

Tid

Stad


«Naustlandet er ei opplysande og vakker bok om sentrale bygningar i kystkulturen vår frå eine landsenden til hin. Dei som hadde båt av tre, måtte ha hus til farkosten»
(Erik Solheim i Dag og Tid 9. januar)

Forfattar Eva Røyrane presenterer boka Naustlandet, ei praktbok om nausta langs norskekysten. Ho fortel om arbeidet med å dokumentere desse viktige kulturminna og historiene dei ber på frå Agder til Finnmark.

Arrangementet er eit samarbeid mellom KIK Sunnhordland, verdiskapingsprosjektet Sjøbruksmiljø i Sunnhordland og folkebiblioteka i regionen og innleiast med ei kort orientering om arbeidet med å ta vare på sjøbruksbygningar før Eva Røyrane presenterer den flotte boka.
Røyrane har saman med fotograf Oddleiv Apneseth gitt ut fleire bøker, mellom anna Klyngetunet, Noregs låver, Vestlandshus og Av stein.

Det blir sal av boka. Velkomen!

Om prosjektet:
Fotograf Oddleiv Apneseth og forfattar Eva Røyrane har reist langs kysten og innover mange fjordar frå Agder i sør til Finnmark i nord, på leit etter naust. Dei ville finna ut korleis det står til med dei gamle nausta, desse kystens kulturminner som fortel om kystlivet slik det var før oljealderen endra alt.

Naustet i støa var ein viktig driftsbygning på garden til fiskarbonden, som var meir bonde enn fiskar i dei indre fjordstrøka. Ute ved kysten var det omvendt. I nausta låg mindre båtar til heimefiske og dagleg ferdsel og større båtar til sesongfiske, frakt og kyrkjeferd. Og naustet var arbeidsplass, ikkje berre for vedlikehald av båtar, garn og nøter. I naust er det laga tønner, bygd båtar og slakta sauer og kyr. Somme stader har naustlemen vore bustad, både for farande folk og for fastbuande.

Boka Naustlandet, som nyss kom ut på Skald forlag, fortel at det står både svært dårleg og ganske bra til med nausta. Naustet er den gardsbygningen som, på grunn av manglande bruk, er mest utsett for forfall. Tilårskomne naust rotnar ned og blir borte. Samstundes er det ei aukande interesse for å ta vare på gamle hus. Dette nyt mange naust godt av.

Denne boka dokumenterer forfallet, men fortel og om eigarar som forbarmar seg over forkomne naust og om eldsjeler som ivrar for kystkulturen ved å dokumentera naust og formidla lokal kystkunnskap.
Dei mange nausta har ulike historier å fortelja, om byggjemåte og om bruk.

I nord handlar det om naustgammer, store skjelternaust og enkle etterkrigsnaust, Lenger sør: stavbygde naust, grindnaust, tømranaust og steinnaust. Og heilt sør, der det er liten skilnad på flo og fjøre: båtgarasjar.

Foto: Naustrekkja i Vihovdevika før arbeidet med å restaurera naust der tok til. Foto: Oddleiv Apneseth