To damer er kledd ut som pingvinar. Står på ei scene.

Falturiltu – Unni og Gunni

Dato

Tid

Stad

Fitjar folkebibliotek

Opp av boka – ut i rommet! Ei famileframsyning for pingvinar og andre småfolk.

Framsyninga Unni og Gunni: Opp av boka – ut i rommet er ei scenisk litteraturformidling for barn i barnehagealder, men passar for alle mellom 1-99 år.  Korleis skal Unni og Gunni få malt igloen når dei bur inne i boka? Bli med å sjå kva som skjer! Framsyninga tek utgangspunkt i biletboka om pingvinane i Unni og Gunni malar av Anna Folkestad og er skapt av tre faglærarar ved barnehagelærarutdanninga ved HVL, Stord. I etterkant av  framsyninga inviterer me barna inn i det sceniske rommet for å leika vidare med Unni og Gunni.

Arrangørar; Falturiltu og Fitjar folkebibliotek