Avispapir bretta som plantepotter med grønne spirer

Hagetips og frøbytte

Dato

Tid

Stad

Fitjar folkebibliotek

Få tips til såing og hagestell, og bytt til deg frø og stiklingar!

Våren er i anmarsj, og kanskje byrjar det å krible litt etter å byrje i hagen? Reidun A. Helland, dama bak gartneriet LitlaOla tunet vil gi deg tips til korleis du kan lukkast med frø og kva du kan gjere i hagen om våren.

Frodige inneplanter er populært som aldri før! Else Grimen, @plantefranco, er med oss og gir oss tips om inneplanter, og korleis du kan gje dei best mogleg stell.

Har du frø eller stiklingar til overs? Ta dei med og bytt med andre.

Else Grimen held ei stor plante

Else er aktiv på instagramkontoen @plantefranco. Foto: privat

Reidun kjem gåande i hagen.

Reidun i hagen på LitlaOlatunet. Foto: Irene Jacobsen