
Kva identitet har vi på Vestlandet? Webinar for lokalhistorieinteresserte
Kulturarven vår er grunnmuren i samfunnet. Gjennom kulturarven kan vi forklare samfunnet vårt og identiteten vi har. Kva identitet har du?
Seksjonane for arkiv, bibliotekutvikling og kulturarv arrangerer webinar for lokalhistorieinteresserte. Årets webinar tematiserer korleis kulturminne, stadnamn og andre kjelder er med på å byggje den lokale identiteten vår.
Webinaret blir vist på storskjerm på Seniorsenteret.
Program
Kl. 10.00: Velkomen v/ Arnt Ola Fidjestøl, seksjonssjef seksjon arkiv
Kl. 10.05: Stadnamn, språk og identitet v/ Gunnstein Akselberg
Kl. 10.30: Kunnskapsgrunnlag 2023: Bergverk og mineralutvikling på Vestlandet v/ Peter Forras, seksjon kulturarv
Kl. 11.00: Beinstrekk
Kl. 11.15: Prosjekt «Litteratur i gamle hus». Sveio folkebibliotek tar i bruk gamle hus for å formidle litteratur på ein uventa plass, og samstundes vise noko av kulturarven i Sveio v/Kristine Thorkildsen, biblioteksjef Sveio kommune
Kl. 11.30: Stadnamnprosjektet i Gloppen. Gloppen kommune, Gloppen sogelag og Vestland fylkeskommune samarbeider om å samle inn stadnamn frå heile kommunen og publisere dei i kart på internett. Korleis går dei fram, og korleis kan laget ditt gjere det same? v/ Karl Peder Mork, seksjon arkiv
Kl. 11.45: Lokalt samarbeid mellom historielag og bibliotek i Samnanger. Historielag og biblioteket i Samnanger samarbeider om fleire arrangement. I 2022 hadde dei eit prosjekt om lokale foto med innsamling og utstilling v/ Tor Wold, Samnanger historielag
Kl. 12.00: Pause
Kl. 12.20: Skulen min-prosjektet. Skulenmin.no er ein nettportal til skulehistorie. Lær om dei ulike kjeldene til skulehistorie, og korleis du kan bidra til å fylle ut hola i historia v/ seksjon arkiv
Kl. 12.50: Kulturhistorisk museum i Bergen: Korleis skape lokal identitet v/ Nils Anfinset, Prodekan ved Universitetsmuseet i Bergen
Kl. 13.20: Avslutning