Måndagsføredrag: Den naturnære hagen
Prof. Dag Jørund Lønning er rektor ved Høgskulen for grøn utvikling på Bryne. Han har lang fartstid
som forskar på forholdet mellom menneske og natur, og har skrive ei rekke artiklar og bøker.
Fleire har blitt bestseljarar.
Foredraget kjem inn på sentrale poeng i Jordboka for hagen. Korleis gjera naturen til
samarbeidspartner? Kvifor kjem «ugras» og «skadegjerarar» og korleis unngå dei? Korleis
fanga karbon og auka naturmangfaldet i hagen?
Boka “Den naturnære hagen”som føredraget tar utgangspunkt i, tar for seg korleisn ein
kan designe og vedlikeholde hagar som er i harmoni med naturen. Fokus ligg på å skape
eit bærekraftig økosystem, der ein samarbeidar med naturen sine eigne prosessar for å dyrke
planter, fremma biologisk mangfold og redusera bruk av kjemikalier og kunstige
hjelpemiddel. Boka gir praktiske råd om valg av planter og materiale som passar til klimaet
og det omkringliggjande landskapet, spesielt for naturnære områder som skog, kyst og fjell.
Målet er å lage hagar som både er estetisk vakre og økologisk sjølvberande.
Måndagsføredrag er foredrag laga av Senioruniversitetet og blir vist digitalt på Seniorsenteret ca kvar andre måndag. Arrangementet er eit samarbeid mellom Fitjar folkebibliotek, Fitjar seniorsenter og Fitjar frivilligsentral. Det vert servert kaffi/te og foredraget er gratis. Målet er å skape ein sosial møteplass der ein få påfyll av kunnskap.