Forsidebilde av boka Diagnose: kvinne. Hvordan kvinnehelse havnet i medisinens blindsone

Måndagsføredrag: Diagnose: kvinne. Hvordan kvinnehelse havnet i medisinens blindsone.

Dato

Tid

Stad

Kultursalen

Liv Bjørnhaug Johansen er sjukepleiar, kulturhistorikar og seniorrådgjevar på kvinnehelse hos
Sanitetskvinnene. Ho debuterte som forfattar i 2021 med Den lange vakta, om helsevesenet under pandemien. I 2023 utgav ho Diagnose: kvinne, der ho gjennom
kvinners forteljingar og forskning set lys på kjønnsskilnadar i helsevesenet.

Fysiologiske skilnadar mellom kjønn gjer at kvinner og menn blir sjuke på ulike måtar og reagerer ulikt på behandling. Likevel er helsetenesta basert på forskning gjort på menn.
Føredraget skildrar bakgrunnen for dette, kva slags konsekvensar det har for kvinners liv og helse og kva som skal til for å sikra kvinner likeverdige helsetenester.

Føredraget vil også komme inn på korleis dette påvirker kvinners liv og helse på kort og lang sikt. For å sikre kvinner likeverdige helsetenester, må det skje ei systematisk endring i korleis forskning vert utført, med økt fokus på kvinners fysiologi og helsebehov.

Arrangementet er eit samarbeid mellom Fitjar seniorsenter, Fitjar frivilligsentral og Fitjar folkebibliotek. Arrangementa vert produsert av Senioruni.