Framsidebilete av boka "Eple" og forfattar Torolf Kroglund

Måndagsføredrag – Historien om eplet

Dato

Tid

Stad

Fitjar seniorsenter

Torolf E. Kroglund er litteraturviter, tidlegare journalist, festivalsjef for Ibsen- og Hamsundagane, og kultursjef i Risør. Han har skrive fleire sakprosabøker, blant anna om
skateboard- og jegermiljø, som begge er overraskande subkulturelle i norsk offentlighet. I
Reise med ål (2018) kombinerer han naturvern, forskning og kystkultur i ei litterær
reiseskildring om «det vi ikkje visste at vi ikkje visste». Hans siste bok, som dannar grunnlaget
for dette føredraget er, Eplets historie – en reise fra Almaty til Atlanterhavet. Boka kom ut hausten 2024.

Eplet kjem frå ein stad øst for Eden. Almaty (før: Alma Ata) i Kasakhstan. Derifrå har det
fulgt mennesket på ferda vestover. Bli med på den spanande og interessante reisa
forfattar Torolf Kroglund tar oss med på i “Eplet”. Eplet er i dag verdas
mest populære frukt, utbredt over store delar av kloden. Det er også heilt sentralt i myte,
religion og kultur – og eit symbol for vitenskap og kunnskap heilt fram til dagens teknologigigant som har eit avbitt eple som logo. Kva er det med eplet som er så fruktbart for oss?
Kvifor var det nettopp eplet som kom til å fortelje så mye om oss, mennesket – og vår
kultur?

Måndagsføredrag er foredrag laga av Senioruniversitetet og blir vist digitalt på Seniorsenteret ca kvar andre måndag. Arrangementet er eit samarbeid mellom Fitjar folkebibliotek, Fitjar seniorsenter og Fitjar frivilligsentral. Det vert servert kaffi/te og foredraget er gratis. Målet er å skape ein sosial møteplass der ein få påfyll av kunnskap.