
Måndagsføredrag: Kirkens og pavens rolle i italiensk historie
Arnt Stefansen har blant anna vore korrespondent i Berlin (1991–1995), og i Brussel
(1998–2002). I perioden 2002-2005 fungerte han som reisande Europa-reporter med
kontor i Berlin og Madrid. Arnt Stefansen har hovudfag i statsvitenskap frå Universitetet i Oslo (UiO) (1987) og har gitt ut eit titalls bøker innan samfunn og politikk.
Paven og den katolske kyrkja har vore avgjerande for Italia si historiske utvikling, både som ein åndeleg leiar og som ein mektig politisk aktør. Gjennom middelalderen kontrollerte paven store delar av Italia, kjent som Kyrkjestaten, og påverka kongar, keisarar og kvardagslivet til folk i heile Europa. Kyrkja spela også ei sentral rolle under renessansen, ved å finansiere kunst, arkitektur og vitenskap. Sjølv etter at Italia vart ein samla nasjon i 1861, fortsatte Vatikanet å vere ei sterk politisk og kulturell kraft. Paven og kyrkja si innflyting kan fortsatt merkast i alt frå politikk til moralspørsmål i dagens Italia.