Forsidebilde av boka "Krig er forakt for liv" og portrett av forfattar Linn Stalsberg

Måndagsføredrag: Krig er forakt for liv

Dato

Tid

Stad

Fitjar seniorsenter

Linn Stalsberg er utdanna sosiolog og er ein norsk journalist, forfattar og
samfunnsdebattant med bakgrunn frå blant anna Dagbladet, der ho i fleire år jobba som
kommentator og skribent. Ho har markert seg som ein tydeleg stemme i den norske
offentligheiten, særlig innan tema som feminisme, likestilling, arbeidsliv, sosial ulikhet og
livskvalitet.

Krig er forakt for liv. Å vinne ein krig innebærer å øydeleggje menneske, hus og infrastruktur.
For å få slutt på all krig må vi snakke om krigens realiteter og dei som har kjempa for fred.
Fredsarbeid kan basere seg på religion, ideologi eller politikk, med pasifisme, ikkjevald og
militærnekt som viktige verkemiddel. Militariseringa skjer midt i ein klima- og naturkrise, og
våpenindustrien er svært øydeleggjande for jorda. I dag må fredsbevegelsen alliere seg med
miljøbevegelsen i kampen for alt levande. Fred er å skapa.

Måndagføredrag vert arrangert av Fitjar seniorsenter, Fitjar frivilligsentral og Fitjar folkebibliotek. Føredraga er produsert av Senioruni og vert streama direkte.

Foto: Res Publica.