
Overgangskraft – ein prat om overgangsalderen med kunnskap og ein dæsj optimisme»
Marianne Natvik er allmennlege med stort engasjement for kvinnehelse og med ekstra fokus på overgangsalderen.
Ho ønskjer å bidra til god omsorg for kvinner midt i livet gjennom å spre openheit om denne perioden. Uten bagatellisering, men med med en dæsj overgangsoptimisme, for dette er ein tid vi kan påvirke og blir det for mykje, er det hjelp å få.
Hun held kurs for fastlegar, helsepersonell, arbeidsplassar og kvinner – og har stor tru på at kunnskapsformidling er viktig til alle for å normalisere overgangsalderen.
Hausten 2024 gav ho ut boka Overgangskraft som rommar denne tilnærminga til epoken midt i livet, og hun delar stemma si i sosiale media på kontoen @drmariannenatvik
Marianne er forskar ved Universitetet i Oslo, der ho ser på kvinners informasjonsbehov knytt til overgangsalderen. I tillegg møter ho kvinner i overgangsalderen på klinikken Sex og samfunn i Oslo.
Denne kvelden vil romme kunnskap om overgangsalderens symptom, heilskapleg tilnærming til korleis vi kan påvirke – og om behandlingsmuligheter. Med ein dæsj optimisme og litt taktikkeri.
Billett får du tak i på ebillett/fitjar. Kr 120,- inklusiv kveldsmat. Foredraget varar ca 1 time. Det vert høve til spørsmål. Me avsluttar kvelden med kvelds og samvære.
Arrangementet er eit samarbeid mellom Fitjar frivilligsentral og Fitjar folkebibliotek, og er økonomisk støtta av Fitjar kraftlag.
Foto: nitafoto