Reparasjonskafe
Har du klede som burde vore reparert? Lurer du på korleis du skal få det til?
Gjenbruk og kunsten å ta vare på klær er høgaktuelt for å spare miljøet for unødig belastning.
I samarbeid med Fitjar husflidslag og Fitjar frivilligsentral inviterer me til reperasjonskafè der ein kan få hjelp og tips til å reperere kleda sine. Ta med deg det du vil ha reparert.
Det blir høve til å låne symaskin.