Mann som held boka sinnamekkerens bilalbum på eit ve4kstag

Sinnamekker`ns bilalbum – bilar med sjel

Dato

Tid

Stad

Sjølvaste Sinnamekker`n Ståle Eskeland kjem til biblioteket med eit gamalt vrak og boka si “Sinnamekker`ns bilalbum – bilar med sjel”. Denne boka er ein skikkeleg hyllest til bilkulturen. Dette er kvelden for alle som elskar bilar, og som likar å stå krumbøygd med skriftenøkkelen under eit bulkete panser.

Bli med inn i ei verd med skaisete og dinglande terningar, skambod og pruting, rust og eksos.

Den aller første bilen Ståle Eskeland eigde var ein Volvo Amazon 1963-modell, ein bil med terningar i alle vindauge, skogar av wunderbaum og sota ruter. Unge Eskeland mekka på den gamle doningen og kkøyrde fram og tilbake på bygdevegane. Sidan den gong har Eskeland hatt nærare 500 bilar, og han hgsar kvar einaste av dei. Bilane er for Eskeland ein hobby og ein lidenskap.

Me gler oss til ein forrykande kveld med Ståle Eskeland og gode historiar om bilane hans.

Gratis, ope for alle.