Sommarlesbilde. To barn, med teksten Fanga i spelet. Sommarles 2024.

Sommarles 2024

Dato

Tid

Stad

1.juni startar sommarles.no. Sommarles er ein lesekampanje retta mot barn mellom 6-13 år. Kommande 1.klassingar kan delta, og elevar i 1.-7.klasse. Lesekampanjen går ut på å lese bøker, for så å registrere dei på sommarles.no. Etterkvart som ein les oppnår ein poeng som utløyser trofè og premiar. Premiane kan ein hente på biblioteket.

Gjennom heile sommaren vil ein kunne lese sommarlesforteljinga. Den er det forfattar Mari Moen Holsve som har skrive. Kvar veke vil det bli slept eit kapittel.

Alle som er med på sommarles.no er automatisk invitert til Lesefest i september. I år vil me få besøk av Roe Lauvås som har jobba ved Vil-vite senteret i Bergen. Han skal ha eit Vitenshow for oss.