Marius Ulekleiv portrett

Store gutar græt ikkje – ei modig historie om psykisk helse

Dato

Tid

Stad

Marius Ulekleiv er for mange kjend som ein prisvinnande politimann og frå podkasten «Trygt Rom». Før han valde å følgje politidraumen som 22-åring, hadde han òg ei karriere innan toppfotball.

I 2022 stod han fram offentleg med si eiga historie gjennom artikkelen «Store gutar græt ikkje» i Politiforum. Der delte han ope om ein langvarig kamp med angst, depresjon, sjølvmordstankar og utmatting. Historia fekk stor merksemd, og har sidan utvikla seg til eit sterkt og gripande føredrag med same namn.

Same året vart han tildelt Politiforum sin heiderspris – ei anerkjenning for motet til å vere open om eigne utfordringar, og for å setje viktige tema på dagsordenen.
Vi inviterer no til eit tankevekkjande og viktig møte med Marius Ulekleiv, der han deler si historie med varme, alvor og håp. Dette er eit arrangement som opnar for refleksjon, innsikt og gode samtalar.

Foredraget er ei markering av Verdsdagen for psykisk helse i Fitjar og er eit samarbeid mellom Fitjar frivilligsentral og Fitjar kommune; psykisk helse og biblioteket.