forside til boka vestlandsfjordene

Vestlandsfjordane – verdas vakraste reisemål.

Dato

Tid

Stad

Fitjar folkebibliotek

Espen A. Jacobsen er aktuell med boka Vestlandsfjordene – verdens vakreste reisemål.

Langs Vestlandsfjordane, mellom innland og storhav, står opplevingar og inntrykk i kø: Frå fossar og stup til sydlandske lagunar. Frå byliv til gardsbesøk med fristande smaksprøvar. Frå helleristningar til spennande industrihistorie.

Her er berømte, klassiske reisemål, men óg bortgøymde idyllar som er ukjente for dei fleste. Vi kan nyte fantastisk utsikt frå stiar og fjelltoppar, men like gjerne frå vegkanten, langs Noregs vakraste og mest innhaldsrike køyrestrekning.

Og som folk før oss har gjort i fleire tusen år: Vi kan reise på fjorden. Blant opplevingane som ventar finst óg uforgløymelege båt- og fergereiser.

Espen A. Jacobsen har bl. a. óg skrive Kystferie i Norge – fra Bergen til Kirkenes (2021). Han har i tillegg bidrege som fotograf til ei rekke andre bøker.

Portrett av Espen A. Jacobsen