Pressreader

Tilgang til digitale aviser og tidsskrift

Med fullteksttilgang til over 7000 tidsskrift og aviser frå heile verda er Pressreader eit svært godt tilbod til utanlandske bibliotekbrukarar, som arbeidsinnvandrarar og flyktningar – eller andre som er interesserte i å lese internasjonalt stoff.

I tillegg inneheld tenesta ei rekkje norske aviser, til dømes Aftenposten, Dagbladet, Dagsavisen, Stavanger Aftenblad, Fædrelandsvennen og Bergens Tidende. Norske bibliotekbrukarar kan dermed få tilgang til dei store riks- og regionavisene som biblioteket elles ikkje har råd til å abonnere på.

I appen PressReader har du tilgang til meir enn 7000 tidsskrift og aviser frå heile verda.

Korleis brukar eg tenesta?

For å få tilgang til Pressreader på mobil og nettbrett, må du laste ned appen Pressreader og kople deg på nettverket på biblioteket. Deretter har du full tilgang til PressReader i 72 timar. Tilgangen vert fornya kvar gong du nyttar appen frå biblioteket sitt nettverk.

På pc går du inn på Pressreader.com medan du er på biblioteket sitt nettverk.

“Quick start guide” på nettsida til Pressreader (engelsk).

Du kan også koble deg på Pressreader via appen Bibliofil.