Screenshot nasjonalbiblioteket sitt nettbibliotek februar 2023

Nettbiblioteket

Digitaliserte bøker

I nettbiblioteket til Nasjonalbiblioteket kan du finne skanna utgåver av fleire hundre tusen bøker gjevne ut i Noreg. Dette gjeld bøker som er gitt ut før år 2000. Du treng ikkje lånekort for å lese desse bøkene.

Nasjonalbiblioteket si avissamling

Nasjonalbiblioteket si avissamling er så godt som komplett frå 1763 fram til i dag. Ein del aviser kan du lese heimefrå, nokon har du tilgang til gjennom det lokale biblioteket ditt og andre igjen er berre tilgjengeleg i Nasjonalbiblioteket sine lokaler.

Logo til Billedbokhylla
Billedbokhylla.no inneheld ei mengde eldre biletbøker.

Billedbokhylla

Billedbokhylla.no er Nasjonalbiblioteket si samling av digitaliserte biletbøker. Bøkene er frå før år 2000, og det er mange bokskattar her. Det er Hammerfest bibliotek som har digitalisert bøkene.

Forslag til søkeord: Marius, Stian, Labolina, Thomas (toget og Thomas og Emma bøkene), Postman Pat, Astrid Lindgren, Ruffen, Albert Åberg, Malla, Pulverheksa, Elsa Beskow, Alf Prøysen.