Feliz Navidad
- Forfattar:
- Selma Lønning Aarø
Jula står for døra, og Saga og familien reiser til Spania for å feire jul. Med seg i kofferten har dei pinnekjøtt, julepynt og håp om at dette skal blir den perfekte julefeiringa. Men jula vert ikkje heilt som tenkt, sjølv om Saga gjer alt ho kan for at alle skal ha det bra. Det var kanskje ikkje så lurt å dra med seg den demente mora til Spania? Ungane er sure tenåringar, ektemannen driv og joggar til alle tider og mora er meir forvirra enn nokon gong. Og kor kan ein eigentleg kjøpe kålrabi i Spania?
Romanen er humoristisk, men samtidig hjarteskjærande om å miste ei mor til demens.
Boktips skrive av Silje, Fitjar folkebibliotek
- Kategorier:
- Boktips til vaksne