Forsidebilde av boka "Annleilandet Svalbard" Omriss av svalbard, bilete av mennesker, ein militærbåt, gruvesamfunn

Annleislandet Svalbard

Noreg har suverenitet over Svalbard, og er ein del av Noreg. Men visste du at ein ikkje treng visum for å reise til Svalbard? Menneske frå heile verda kan slå seg ned på øygruppa, så lenge dei har ein stad og bu og kan brødfø seg. I dag bur det folk frå meir enn femti land der. Boka fortel historiane til folk som lev livet sitt på øygruppa, og kva utfordringar dei kan møte om dei ikkje har norsk pass.

I tillegg får me innsikt i historie og samtida til øysamfunnet Svalbard. Berre førti kilometer frå Longyearbyen ligg det russiske gruvesamfunnet Barentsburg. Line Nagel Ylvisåker skildrar korleis tonen mellom Noreg og Russland har endra seg etter åtaket på Ukraina i 2022.

Dette er ei informativ og interessant bok om eit område som eg ikkje hadde så stor kjennskap til. Boka er godt skrive og me får god innsikt i utfordringane som kan oppstå for folk som vel å flytte til Svalbard. Det er også ei svært aktuell bok i desse dagar, då me ser at Grønland er ein del av storpolitikken, og me veit at Noregs suverenitet over Svalbard har vore omdiskutert frå russisk side. Kva vil Noreg med annleislandet Svalbard? spør  Ylvisåker i boka “Annleislandet Svalbard. Små liv i storpolitikken”.

Boktipset er skrive av Silje, Fitjar folkebibliotek.

Kategorier: 
Boktips til vaksne,
E-bok