Gunnars Rekordbok
- Forfattar:
- Anders Totland
Gunnar har ei bok som er hemmeleg. I den skriv han rekordar. Han skriv at Sivert er verdas beste kompis og at faren er verdensmeister i å ligge lenge på sofaen og i å vere trist.
For mor til Gunnar er død, og han bur saman med faren som ikkje orkar å reise seg frå sofaen. Me møter Sivert, som er ein god venn, Birger som er ei plagånd og Vilde som er veldig søt.
Dette er ei fin og vár barnebok som rører vaksne og barn.
Klasse 7b på Rimbareid har lese boka og har uttalt:
“Gunnars rekordbok er ei veldig bra bok og den er spennande og morosam”
“Eg syntest gunnars rekord bok var kjekt, og morsam. Me las den i 7. klasse , boka passer for 9-12 åringar. Kjekt og lese i lag , alt i alt veldig bra , terning kast 4″
” Gunnars rekord bok var ei bra og spanande bok. Eg synest at Anders skal lage ei bok til i denne serien. Anders er ein bra forfattar og burde lage fleire bøker.”
“Den hadde ein ganske bra historie ,men den var ikkje så bra syntes eg. Gunnar hadde mykje problem.Terning kast 2”
- Kategorier:
- Boktips til barn