Postkortet
- Forfattar:
- Anne Berest
- Omsetjar:
- Henninge Margrethe Solberg
Eit postkort dukkar opp i postkassen. På postkortet står det kun fire navn: Efraim, Emma, Noémie, Jacques. Det er navna på foreldra til Anne si mormor, og dei to barna deira. Alle fire døde i Auschwitz i 1942.
Postkortet vert tråden som er starten på å nøste i fortida; Me les om familiehistorien til den jødiske familien som reiste frå Russland, via Palestina og Latvia og vidare til Frankrike. Me får høyre historien om krigen frå fransk ståstad, og brutalt vitne til ei jødisk forfølging og mistru lang tid tilbake.
Dette er ei spanande bok som gir deg innsikt i forholda til jødane, ikkje berre historisk, men også i notida. Ei god bok det er verdt å lesa.
Boktipset er laga av Silje, Fitjar folkebibliotek
- Kategorier:
- Boktips til vaksne,
- E-bok