Bok i bruk
Bildeboka “Prikkesyken” var utgangspunkt for det tverrfaglege undervisningsopplegget “Frisk som ein fisk” i 1.klasse. Kitty Træet er lærar til elevane og fortel at elevane har hatt både norsk, kunst og handverk, naturfag og samfunnsfag medan dei har jobba med dette prosjektet.

Prikkesyken
I biletboka til Bjørn Rørvik møter me reven og grisungen som leker at Reven er doktor og Griseungen pasient. Etterkvart får Grisungen lyst på noko godt. Han veit at kua plar å ha brus og får Reven til å skriva ut ein resept på at han treng brus og kokosbollar. Dessuten teiknar han raude prikkar over heile Grisungen slik at han ser veldig sjuk ut. Han har fått prikkesyken. Kua er skeptisk, men Grisungen får både brus og marsipankake. Dagros dukkar opp ved revehiet medan Reven og Grisungen et medisinen. Etter kvart går ryktene og Reven får fullt opp med pasientar fordi han har sagt at dyr med horn får gratis behandling på søndagar.
Frisk som ein fisk
Etter å ha lese “Prikkesyken” samtala klassen om kva sjukdomar elevane kjenner til? Kva må me gjere for å ta vare på helsa vår? Kvifor må me av og til gå til legen? Kvifor treng me medisin? Og ikkje minst; får ein godteri når ein er sjuk?
Fabeldyr
Elevane fekk i oppdrag å velje seg to dyr og setje saman til eit nytt dyr. T.d ku+sjiraff=kuraff. Etterpå skulle dei teikne dyret og lage ein histore om det. Spørsmåla som elevane laga historie ut av var
- Kva sjukdom fekk dyret?
- Kvar har det vondt?
- Kvifor fekk dyret t.d grøne prikkar?
- Kva medisin måtte dyret få? Kor ofte og kor lenge må det ta medisin.
Fantasifulle dyr og historiar
1.klassingane har brukt fantasien sin og laga flotte historiar om fabeldyra sine! Dyra har fått både raude, blå og grøne prikkar og har fått deilig medisin som kake, slikkepinn, brus og karamell. Heldigvis blei alle friske att.
Utstilling på kulturhuset
Bileta og historiane er hengt opp i foajeen i kulturhuset slik at alle kan sjå dei.
