Gode hjelparar
Øvrebygda skule var ikkje vanskeleg å be då biblioteket trengte bærehjelp for å få opp bøkene til turbiblioteket som skal vere i dagsturhytta. Med bøker i tursekkane brukte mellomtrinnet turdagen på Tveitaslottet.
Eventyrstund, bollar og natursti
Alle bøkene blei plassert på hyllene i dagsturhytta, og med det er turbiblioteket klart. Med fyr i peisen og lukta av varme bollar blei det ein god atmosfære for å ha ei koseleg lesestund medan elevane spiste nistepakka si.
Etterpå var det natursti med spørsmål om miljøvern i området rundt hytta. Og sjølvsagt vanka det premiar på alle deltakarane.
Det blei også tid til leik rundt hytta og lesing av bøker inne i hytta.
Elevane nytta høvet til å sjekke ut turbiblioteket
Kjekke elevar
Med så kjekke og positive elevar og flott vintervær vart det ein nydeleg dag på Tveitaslottet! Biblioteket vil rette ein stor takk til elevar og lærarar for 5.-7.klasse ved Øvrebygda skule.
Når blir det opning?
På grunn av koronasituasjonen i kommunen er opninga av dagsturhytta utsatt. Men til våren vil hytta vere open for allmenn bruk.
Turbibliotek
Dagsturhytta vil innehalde eit bibliotek til bruk i hytta. Det er Fitjar folkebibliotek sitt ansvar å velge ut bøker til biblioteket. Bøkene kan ikkje lånet heim, dei er kun til bruk i hytta.
Her kan du lese meir om dagsturhytteprosjektet
Foto: Ole Sandvik og Silje Vågen Torbjørnsen