Revolvergutten, Arne Svingen
Revolvergutten er historia om Robin Hood Evensen som veks opp i ein kriminell familie. Allereie i ung alder veit han det meste om forbrytarbransjen. Ein dag slepp far hans ut av fengsel, og Robin gler seg til at alt skal bli normalt igjen. Men det er nokon der ute som er etter far hans, og plutseleg står Robin midt i eit dramatisk oppgjer mellom hardbarka kriminelle. Det handlar om å ha med ein revolver på skulen, ein bil som eksploderer og veldig farlege kriminelle. Men mest av alt handlar det om vennskapen med kameraten Martin og ein heilt spesiell pappa.
Mumiens gåte, Kristina Ohlsson
Stemma til Alexander gjalla i telefonen. “Jeg må gå straks gå, Herbert. Men først må jeg fortelje ein annan viktig ting. Det viktigste du nokon sinne har fått høyre. Du må aldri sjå ein mumie inn i auga.” “Kva?” sa Herbert. “Sjå aldri ein mumie inn i auga. Aldri, aldri nokonsinne.” Kvifor ikkje?sa Herbert. “For da er du fortapt…”.
Etter eit forferdelig uvær vert ein ein mystisk, gammal kjellar avslørt i byen Eldsala. Samtidig brer det seg ein forferdeleg stank over byen, og det blir funne to tomme kister i ei grav.
Harpa, Audhild Solberg
Agnes skal bruka haustferien i den vesle bygda Elverdal og ser føre seg ei kjedeleg veke. Fetteren Sindre vil heller henga med kameraten Ben, og nabojenta Tyra har nok med sine eigne ting. Det blir alt anna enn kjedeleg…
Bare la meg være i fred, Bergljot K. Nordal
Max får ein ny sjanse. Familien flyttar ut av byen for at han skal komma på rett kjøl etter det som skjedde på den gamle skulen. Planen er grei, Max skal liggje lavt, gjer det han må, gli inn. Men fremst i klassen sit Trond. Trond er annleis. Og sjølv om Max prøver, greier han ikkje å la Trond være i fred.
Apetrine, Atle Hansen
Du treng ikkje herma etter apene, Arne! Seier Simon.
Ivar byrjar å le høgt.
Han hoppar rundt bålet som ei ape medan han peikar på meg. – du er eit apetryne, Arne, eit ekkelt apetryne. Me kan ikkje vera saman med slike som deg! Me vil ikkje ha deg her lenger!
Ape tryne er ei bok om vennskap, om forelsking, om å vere utanfor og om å bli sett av den du ønskjer skal sjå deg.
Eg har venta på deg, Atle Hansen
Simon gler seg til å ro ut for å fiska men kven er det som plutseleg ropar på han er det den mystiske jenta han møter på kafeen? Ho folk seier han skal halda seg vekke frå eller er det den svarte enka? Ho som sit på havet for lenge sidan…
Tilbake til villmarken, Erin Hunter
Kattekrigerne er ei bok der ein føl fire klanar med villkattar som har styrt skogen i generasjonar henhold til eldgamle lover, fastsatt av dera mektige forfedre. Men gamle kodar er trua. Tordenklanen er i stor fare og den onde Skyggeklanen veks seg sterkare for kvar dag. Edle krigarar dør, nokon av dei under mystiske omstendigheter. Midt i dette kaoset dukkar den vanlige huskatten Rødpus, opp. Vil han overleve i villmarken? Kan han bli ein modig krigar? Dette er den første boka i serien Kattekrigerne.
Grotta, Bjørn Sortland
Hovudpersonen Marie prøver fortsatt å skape ei trygg verd for alle barna på Kepler62. Men skal det bli fred, må den onde våpenfabrikanten Vallvik stoppas ein gong for alltid. Han har gøymt seg langt inni grotta i en vulkan Det blir ei farleg ferd dypt ned i grottene for å finne han. Grotten er ein del av serien Kepler62.