Sommarles gjer lesing endå gøyare, og det er heilt gratis å vere med!
Frå 1. juni til 31. august kan du som går i 1. til 7. klasse delta på Sommarles.no
Slik gjer du!
Du lagar ein profil på Sommarles.no. Etter det kan du registrerer bøker du har lese, få lesetips, løyse oppgåver og du kan følgje med på kva vennene
dine les. Her kan du også lese ei superspennande forteljing, skriven av forfattar Mari Moen.
Holsve. Har du ikkje tilgang til nett, kan du delta med eit lesekort. Spør på biblioteket!
Sommarles er for alle!
Sommarles er for alle barn som går på barneskulen, altså 1.-7. klasse. Om du skal byrje på skulen til hausten, altså kommande 1.klassingar kan òg vere med.
XP og level
For kvar bok du legg inn, får du XP (poeng) og går etter kvart opp i level. Kor mange poeng du får pr bok avheng av kva klasse du går i.
Du kan lese vanlege bøker, e-bøker, lydbøker, teikneseriar, eller nokon kan lese høgt for deg – all
lesing tel.
Premiar
Og sjølvsagt har vi premiar! Når du registrerer bøker du har lese, får du digitale trofé
til profilen din på nettsida, og du kan hente premiar på biblioteket i løpet av sommaren.
Sommarles startar 1.juni
For å bli med på Sommerles.no går du inn på nettsida frå 1. Juni og lagar deg ein eigen profil saman med
ein vaksen. Ein føresett må godkjenne at du skal delta, og de må bruke e-postadressa til den
føresette ved registrering. Viss de treng hjelp, er det berre å spørje på biblioteket. Så er det
berre å lese i veg! God sommar med Sommarles.no!