Aktuelt
7b bokbada forfattar

Fersk barnebok Anders Totland gav ut Gunnars Rekordbok i januar i 2024. 7B fekk klassesett av boka og alle elevane las henne. Etter at boka var lese kom Silje frå biblioteket på besøk i klassen og lærte elevane å lage gode spørsmål. Dei beste spørsmåla vart plukka ut av klassen og vart utgangspunkt for eit … 7b bokbada forfattar
Geir Tangen si liste over topp 10 krimbøker gjennom tidene:
Nedetid på sjølvbetjent bibliotek
Frøbibliotek

No kan du låna frø på biblioteket Mange bibliotek har eigne frøbibliotek, og no har Fitjar folkebibliotek også eit. Samarbeid med Fitjar hagelag Frøbiblioteket er fylt opp takka vere Fitjar hagelag. Dei tre kjekke damene, Gerd Marit Lunde, Gunn Kvernenes og Kate Helland har pakka ein haug med konvoluttar fylt med frø, så dette er … Frøbibliotek
Bemanna bibliotek er stengt i romjula

Juleferie Biblioteket tek juleferie i romjula. Det vil sei at siste opningsdag før jul er torsdag 21.desember. Då er biblioteket ope til kl.18. Første dag etter juleferien er tysdag 2.januar. Meirope bibliotek er tilgjengeleg Du kan nytte meirope bibliotek (ubemanna bibliotek) kvar dag i jula mellom kl.7-22 Ønske om ei god jul Me på Fitjar … Bemanna bibliotek er stengt i romjula
Koding på biblioteket

Kjekk dag Barn og vaksne kosa seg då biblioteket arrangerte kodedag for barneskuleelevar laurdag 18.november. Barna fekk prøve koding i ulike former, som Lego spike, mikro:bit, spheroball, Osmo, Cubetto og VR-briller. God hjelp For å lage ein slik dag trengs det instruktører og utan hjelp frå Lena, Charlotte, Ellen, Joanna, Dennis og Sebastian hadde det … Koding på biblioteket
God oppslutning om lørdagsbibliotek

Første laurdagsbibliotek Over 60 små og store tok turen til biblioteket laurdag 23.september då det blei arrangert laurdagsbibliotek for første gang. Biblioteket tek sikte på tre laurdagsbibliotek i haust. Neste arrangement vert Bamsedag laurdag 28.oktober. Monsterdag På monsterdagen fekk barna lage monster i ulike former. Det vart mala dorullar i stor skala og monstera fekk … God oppslutning om lørdagsbibliotek
Frø-sanking og frø-bibliotek!

Visste du at frøa du sankar sjølv, er meir robuste enn dei du kjøper i butikken? Forsking visar at frøa ein sankar sjølv, er betre tilpassa det miljøet og klimaet dei seinare skal såast i. Kor foreldra og besteforeldra til frøa har vakse opp, har betydning. No er tida for å sanka frø i hagen … Frø-sanking og frø-bibliotek!
Mini-biblioteket
Sommarstengt
Bemanna bibliotek er stengt frå 30.juni til 6.august. Kom innom og lån lesestoff til heile ferien! Meir-ope bibliotek er ope heile sommaren.
Barnekunst

Utstilling på biblioteket For tida kan du sjå barnekunst laga av barn i Fitjarstølane barnehage og Fjelleheim FUS friluftsbarnehage i biblioteket. Bålet av Trude Tjensvold Biletboka Bålet av Trude Tjensvold er inspirasjon for kunstverka. Det er Nynorsk kultursentrum som har tatt initiativ til utstillinga for å feira nynorske biletbøker våren 2023. Barnekunstutstillinga er eit prosjekt … Barnekunst